Folgefonna på tvers
20 - 21. September 2025
Laurdag morgon reiste ein spent gjeng sørover mot Kvinnherad med eit stort ønskje om å krysse Folgefonna på tvers. Vêrmeldingane hadde meldt mykje vind og nedbør, men uvanleg nok var forholda betre enn forventa.
Vel framme på Fonnabu, der det var planlagt overnatting, vurderte vi tre alternativ:
Plan A – følgje den opphavlege planen og overnatte.
Plan B – krysse breen same dag.
Plan C – la ei gruppe utforske breen, medan andre slappa av på hytta.
Etter å ha vurdert vêret og dagslyset, bestemte gruppa seg for Plan B – å krysse breen same dag. Heile gruppa gjekk samla over breen og nådde Holmaskjer i mørkret, der eit himmelsk pastamåltid venta etter ein lang og innhaldsrik dag.
Søndag morgon vakna vi til snø og ei fryst dodør. På veg ned mot Tokheim vart landskapet gradvis meir frodig, og då vi nærma oss fjorden ved Odda, kjende vi både varme og glede stige.
Turen over Folgefonna blei ei flott oppleving frå start til slutt – med god stemning, variert vêr og sterke naturopplevingar undervegs. Takk for ein minneverdig tur!
For eit ekstra tilbakeblikk – hugs å lese den fine teksten Ella skreiv i hytteboka på Holmaskjer.
 
                         
             
                 
                 
                 
                 
                 
                 
                