Folgefonna på tvers
5 - 6. April 2025
Turen starta frå Sundal i Kvinnherad. Med skia på sekken og solkrem på kroppen tusla vi innover Bondhusdalen og oppover Keisarstien mot Fonnabu. På omtrent 1200 m.o.h tok vi på oss skia, noko som er svært uvanleg på denne tida av året i dette området. Sola skein, men snøen var hard. Framme ved Fonnabu var det fem andre gjester fra dugnadsgjengen denne fine solskinnsdagen, men dei rømde til den gamle hytta når dei innsåg at det kom folk frå bydn. Middagen blei nytta i to omganger, då alle måtte ut for å få med oss den flotte solnedgangen ned i fjorden. Sjølvsagt held vi tradisjonen med BSI turar til Fonnabu ved like. Det blei bakt kanelknuter.
Søndag morgon såg vi skodda trekke meir og meir innover Fonna. Trass i den tette skodda kom vi oss fram over Folgefonna til hytta Holmaskjer på 1565 m.o.h. Her nytte vi nista inne i den siste varmen i peisen frå nattas gjester og delte resten av bollane. Nedkjøringa mot fjorden var hard og bratt. Dette fekk ankler og kne kjenne. Heldigvis klarte alle å kome seg ned på eiga maskin. Frå vi tok av oss skia på 1000 m.o.h kom fjorden til syne igjen og vi kunne kjenne vårstemninga.
Takk for turen!
- Frida, Siri og Veslemøy